Konstbild

Erik Werenskiolds (1855-1938) illustrasjon av slaget i Hafrsfjord for 1899-utgaven av Snorres kongesagaer.

Slaget er beskrevet slik i avsnitt 18-19 av Harald Hårfagres saga, her gjengitt etter Steinar Schjøtts (1844-1920)  nynorske umsetjing fra 1900:

18. Dei tidendir spurdest sunnantil lande, at hordar og rygir og egdir og telir samla seg og baud ut baade skip og vaapn og folk. Upphavsmennane til dette var: Eirik, kongen i Hordaland, kong Sulke fraa Rogaland og Sote jarl, bror hans, Kjøtve den rike, konge i Agdir, og Tore Haklang, son hans, og fraa Telemarki tvo brørar, Roald Rygg og Hadd den harde. Men daa kong Harald fekk vissa paa desse tidendir, so drog han ihop ein her og skuva skipi paa sjøen, og budde seg sidan med heren og fór sør-etter langs med lande og fekk mykje folk av kvart fylke. Daa han kom sør um Stad, fær kong Eirik spurt de; han hadde og samla den styrken han kunde venta, og no fór han sør-etter, til møtes med den heren som han visste skulde koma han til hjelp austantil. Heile heren møttest nordanfor Jaren og lagde inn i Havrsfjorden. Der laag kong Harald fyri med heren sin. Der byrja de strakst eit stort slag, som var baade langt og hardt; men enden vart den, at kong Harald vann, og der fall kong Eirik og kong Sulke og Sote jarl, bror hans. Tore Haklang hadde lagt skipe sitt imot skipe til kong Harald, og Tore var ein stor berserk; der gjekk dei hardt paa, fyrr Tore Haklang fall; dei rudde heile, skipe hans, og kong Kjøtve flydde til ein holme, der de var eit godt stelle til aa verja seg paa, og sidan flydde heile heren deira, sume paa skipi, og sume flaug upp paa land og so landvegen sør-etter Jaren. So segjer Hornklove:

Høyrde du, kor hardt dei
i Havrsfjord slogost,
kongen av kjempe-ætt
med Kjøtve den rike?
Skip kom austantil,
stundande paa ufred,
med gapande hovud
og gravne platur.
Med stridsmenn var dei
Ladde og skjoldar blanke,
med vesterlands-spjot
og valske sverd.
Berserkar bura,
paa bragdir tenkte,
ulvhednar ula,
jarnvaapn glumde.
Dei freista den framdjerve,
han som flugt deim lærde,
herren yvi austmenn,
som bur paa Utstein.
Ut med skipi han lagde,
daa strid han venta,
hogg mot skjoldar hamra,
fyrr Haklang stupte.
Daa leiddest han mot Luva
lande sitt aa verja,
den halsdigre herren,
holmen til skjold har bruka.
Dei seig under sessane,
dei som saara vaaro.
Upp lét dei sterten standa,
stakk i kjølen hovud.
Bak lét dei blenkja
blanke skjoldar,
steinar regnde
yvi rædde fiendar.
Kaksane vart fælne,
flaug yvi Jaren
heim or Havrsfjord,
huga paa mjød-drykk.

19. Etter dette slage fekk ikkje kong Harald meir motstand i Norig; daa var dei fallne alle dei største uvenine hans; men sume flydde or lande, og de var ei heil mengd, for daa bygde dei store øydeland; daa bygde dei Jamteland og Helsingland, men desse var alt i fyrivegen noko bygde av nordmenn. I den ufreden, som kong Harald hadde, fyrr han fekk heile Norig, fann dei og bygde nokre utland, Færøyane og Island; de var mange som fór til Hjaltland og, og mange megtuge menn fraa Norig flydde fredlause for kong Harald og fór i vesterviking. Dei var paa Orknøyane og Sudrøyane um vetrane, men um sumrane herja dei i Norig og gjorde stor skade paa lande i der. Men de var i mange megtuge menn og, som gjekk kong Harald til hande og vart mennane hans og bygde lande med han.

Om slaget i Hafrsfjord har vi nok ikke annet enn tradisjonen og Snorre å holde oss til, og den sier at slaget sto en gang i 872, og den 18. juli har vært den antatte dag. Men det er ikke slått fast med full sikkerhet.

Det kan sies at Harald Hårfagre var den første som samlet Norge til ett rike, men det gikk nok en betydelig lengre tid før man kunne betrakte Norge som en samlet nasjon.

Les også