Konstbild

Ukjent(e) kunstner(e), olje(?) og forgylling på tre, 96 x 108 cm, Olavskapellet, Oktogonen i Nidarosdomen
Foto: Nina Aldin Thune, kunsthistorie.com

Olavsfrontalets tidligste historie er ikke bevart. Fra 1691 befant det seg i København, og ble gitt til Nidarosdomen i forbundelse med tusenårsminnet for slaget på Stiklestad i 1030. Det er ikke utenkelig at det ble malt i Nidaros (nå Trondheim).

Snorre beskriver kong Olavs fall i avsnitt 228 i Heilag Olavs saga, her i Steinar Schjötts nynorske gjengivelse:

228. Kalv Arneson hadde tvo frendar; dei heitte Kalv og Olav og stod paa den eine sida hans og var store og modige karar. Kalv var son hans Arnfinn Armodsson og brorson hans Arne Armodsson. Tore Hund gjekk fram paa den andre sida aat Kalv Arneson. Kong Olav hogg til Tore tvert yvi herdane, men sverde beit ikkje, og de saag ut som de rauk dust av reins-felden. Dette nemner Sigvat. Tore hogg til kongen, og dei skifte nokre hogg, men sverde beit ikkje for kongen, der de kom paa reins-felden, men Tore vart saara paa handi. Kongen sagde til Bjørn stallar: «Slaa hunden, som ikkje jarn bit paa.» Bjørn snudde øksi i handi og slo med øksehamaren. Slage raaka Tore i oksli, og de var so hardt, at Tore skjangla. I de same snudde kongen seg mot frendane hans Kalv og gav den eine av deim, Olav, banesaar. Daa lagde Tore Hund til Bjørn stallar med spjote midt paa live og gav han banesaar. Daa sagde Tore: «Soleis stikk me bjørnane.» Torstein Knarrarsmed hogg til kong Olav med ei øks, og hogge kom paa den vinstre foten ovanfor knee. Finn Arneson drap strakst Torstein, men daa kongen hadde fengi dette saare, halla han seg upp mot ein stein og kasta sverde og bad Gud hjelpa seg. Daa stakk Tore Hund til han med eit spjot, og styngen gjekk upp under brynjo og rende upp i live. Daa hogg Kalv til han, og hogge kom paa den vinstre sida paa halsen; men folk segjer ymist um de var Kalv Arneson eller Kalv frenden hans som saara kongen. Kong Olav lét live av desse tri saari. Daa han var fallin, fall mest heile den flokken som var gjengin fram med kongen. Bjarne Gullbraa-skald kvad dette um Kalv Arneson:

Lande med vaapn du varde,
vigdjerv, imot Olav;
eit beite med hovdingen
du hadde, — de kom meg for øyra.
Til stordaad fram du stemnde
paa Stiklestad den fremste,
hæve der merke vod; du vaapnverk
vann, til kongen var fallin.

Sigvat skald kvad dette um Bjørn stallar:

Bjørn, kan eg sannrøynt segja,
hev synt stallarar fullgodt,
korleis de høver aa halda
hugen mot sin drottin.
Med kongens holle hirdmenn
i heren fekk han falla
ved hovude aat sin hovding;
høgt den dauden eg prisar.

Les også